søndag 14. mars 2010

Planar for framtida :)

Det er vel viktig å ha ikkje sant. Eg har so mykje eg vil prøva ut atte. Redd det vert ei stund til det kjem noko nytt her dåmen, har visst ei oppgåve som skal inn på skulen over helge igjen, so den treng vel litt jobbing med den og...

Eg har ingen direkte bakeplanar til helga att, farlig å begynne å tenke på det for tidleg, då vert eg so usannsynlig godtesjuk heila beko :) so det skal eg komma tilbake til når helga nærme seg, for baking har eg alltid tid til uansett!

Når det gjeld handarbeid,driv eg å jobbe med ei tova vinhøne til svigermor, den treng vel endå vinge og litt bearbeiding, men den skal vera ferdig til påske :) So tenkte eg å laga nokon matchande hyllehøner, dei er tradisjon til påsken no, tidlegare har eg gitt vekk alle, men har veldig lyst på ei og anna sjølv og. Me får sjå.

So har eg forelska meg litt i ein japansk tradisjon, om me kan kalla da det då... Amigurumi vert det kalla, eller små, hekla, søte dyr og andre figurar som får litt menneskelege trekk, men med ekstremt store hovuder og store auger,dei er totalt uproposjonerte, men  kjempe søte!!! Må berre læra meg å hekle først...



So er det jo streikkepinneetuiene eg har begynt på... Skal nok få tid til dei og, må berre vente på stoff :) Dessuten har eg ein plan på nokon strikketøymapper, treng ein plass å ha strikkeprosjektene mine.

Ser jo at eg har meir enn nok å henga fingrane i, har lyst å begynna med ein gong, men studiene kaller visst... Kan no vera eg snike meg til litt anna kjekt mellom øktene. Det ser me nok snart ;)

1 kommentar:

  1. Har faktisk begynt på ein liten ami.-sak no. Sleit litt med heklinga, og blei ikkje heilt bra det første eg gjorde, so skal prøva igjen. Kanskje dukkar det opp ein liten maskot snart :)

    SvarSlett