fredag 22. juli 2011

På tide med ein liten oppdatering :-)

No må eg sei eg føler meg avansert :-) eg har kome fram til at det kanskje kunne vera ein ide å blogga litt frå mobilen, sidan et no har ein slik ein fancy telefon. Noko må eg jo bruka den til, og kvifor ikkje blogga litt :-)  er jo kanskje håp om at eg oppdaterer litt av og til ;-)
For tida slappar og og vetleguten av sammen med svigers, når me ikkje er på jobb. Min kjære er heima åleine i ein måned, skal tru om han savne oss? Me gleder oss i alle fall til å koma heim til han.
Ellers driv eg  på med ei bestefarstrøye frå strikk til nøstebarn, skikkeleg puttlestrikk med tynt garn, men den blir god til guten i vinter tenker eg. Er kome opp til felling på bolen og skal begynna på armane . Begge på ein gong på rundpinne :-D so no må eg berre klara å riva blikket frå ravelry og sysider på nett å fokusere på det eg driv med no, ikkje lett!

søndag 19. juni 2011

Knallgod eplekake


For ei veke sida eller noko var eg so heldig å få vera med på ein kjempekoselig strikkekveld med kjekke damer :) Der fekk me servert ei kjempegod eplekake.

Eg er egentlig ikkje veldig begeistra for eplekaker, men denne var so god et eg valde å laga den igjen i helga då me fekk besøk av svigerinna mi og min kjære si grandtante og mannen hennar. Ikkje eit dumt val, då kaka slo an, og oppskrift blei etterspurd :)

Den er litt blaut, og mi vart nok litt ekstra blaut og skulle nok vore steikt littegrann lenger. Men den var uansett god. Oppskrifta finn du her,det er kokke- Lise si oppskrift. Anbefalast!!! Fekk desverre ikkje tatt bilder denne gongen...

Ellers satsar eg på å oppdatera dekan litt på strikkefronten snart, men no reiser me til København ei veke, GLEDE MEG! Skal saumfara byen etter strikkebutikkar og anna kjekt, har blitt skikkeleg garn-gal nemmlig :D so får vel min kjære geocache litt, so han blir fornøyd og ;) Er forresten han som har fiksa denne turen, overraskelsestur til meg, goe mannen min :)) Visste ingenting om den før nokon veker sidan.

onsdag 9. februar 2011

Space invader hua

No er de vel og lenge sidan eg har vore å skrive her (igjen...) Men det opptar visst tida di litt å ha ein liten babis i heimen :) Me kosar oss masse eg og Aksel, han er veldig glad i mammo si, for han vil helst ikkje la ho vera åleina, og det er ikkje berre, berre å blogga med ein liten skjønning som opptar armane mine ;) Men han er no ein going so det går fint.

Ein ting eg har lært meg no er å gjere fleire ting på ein gong, og strikking går fint til tross for at fanget opptatt av vetleguten. Eg har litt forskjellige prosjekt på gong for tida og eg er nett ferdig med ei lita gåve til lillebroren min som hadde bursdag for ein månad sida! Eg er treig med det meste ja :)

Eg har strikka ei space invaders- hua til han. Mønsteret kjem frå Arne og Carlos strikkehefte 96 masker (dei med julekulene), so inneheld masse stilige huer. Det er første gong eg strikkar mønster, og det var kjempekjekt :) Blei littegran stram til å begynna med, men trur det går bra. Huo blei i alle fall god og mjuk. Syns kanskje den vart litt lang, men den skal vel vera slik.




Har brukt Freestyle frå Dale garn, svart, raud og offwhite, og pinna nr 5 og 5,5.  Og her ser de resultatet. Psmund ville og ha ei, so får sjå om eg ikkje skal strikka ei til han og :) Fekk veldig lyst å strikka gensar til han i samme mønster. Han ønsker seg egentlig ein Mariusgensar, men dette er jo nesten det samme, berre litt meir nerdete og det passar jo han godt ;) Mønsteret til gensaren finn ein GRATIS på Arne og Carlos sine heimesider. Men før eg sett i gang med det tren Aksel ny gensar, sokkar og bukse... og skulle hatt nokon fleire bleiebukser og... So trur Å må venta litt endå :)