torsdag 16. september 2010

Fern & Faerie bleiebukse i ull :)

Eg har blitt ferdig med mi første heimastrikka ullbukse til vetleguten vår :) Den blei litt stor, men eg utstår ikkje å strikka på strømpepinnar, so endte opp med å strikka den i str small i staden for x-small. Då kunne eg bruke rundpinne i staden.

Og kva skal eg med ei bleiebukse? Jo som sagt skal me prøva oss med tøybleier når babisen kjem. Eg har veldig tru på det, og Åsmund har og forsåvidt det, og han er positiv, men det er velk mitt prosjekt detta... For meir forklaring om tøybleieprosjektet vårt, sjå på sida for tøybleier. Eg vil og skal klare å gjennomføre det, so det så :)

Den første bleiebuksa eg har laga er etter ei fratis oppskrift som du finn her det er Fern & Faerie buksa eg har laga. Tøybleie formuet er genialt for alle som bruker eller vil bruke tøybleier, so kan gledelig reklamere litt for det. Er kjempekoselig damer inne der som svarer på alt mulig ein lurer på :) I tillegg ligg det masse kjekke oppskrifter på bleiebukser der inne. Har kjempe lyst å prøve fleier typer bleiebukser, driv på med ei Turtlebutt no, men den skal eg komma tilbake til når eg er ferdig (den er kjempekul!!!)

Eg brukte Sandnes alpakka garn og pinne nr 3,5 og 4,5 til denne buksa. Alpakka er mitt absolutte favorittgarn, so deiligt og mjukt atte. Vil helst ikkje at vetleguten skal bli plaga av ekkel kløete ul heller :) Da blei litt prøving og feiling, sidan dette vel er det første plagget eg nokon gong har strikka. Men alt i alt er eg ganske fornøyd. Fekk til og med brodert på ein liten apekatt. Åsmund meinte det såg ut som ein ape med hatt, menneh den har ikkje hatt altso, berre eit veldig firkanta hove...

So no gjennstår lanolisering og so at tassen vår kan komma slik at eg får prøva den. GLEDE MEG!!!

Mens me er inne på tøybleier... måtte berre vise det eg alt har, ganske mykje med tanke på at babisen endå koser seg inne i magen, og skal vera der ei god stund endå :) Men det er jo so kjekt!!!!

Her ser du litt forskjellig. Tanker er å prøva fleire typar og merker for å finna det som passar oss best. Til å begynna med bruker med nok helst brettebleier og formsydde med ullbukse utanpå, Brettebleiene er dei bla/grønne/kvite bakerst til høgre. Dette er vel det dei fleste tenker på når dei høyrer tøybleier, og dei er veldig greie til nyfødte då dei er lette å tilpassa til ein liten kropp. Nederst til venstre har eg Sandys formusydde (som eg har tru på derav antallet :) ) og so har me ei muksut formsydd og ei Bum Genious. Desse bleiene må ha vanntett trekk utanpå då dei ikkje er vanntette i seg sjølv. Er visst bra bleier for nattbruk har eg forstått... I tillegg til ullbukser som vanntett lag (jepps ull er visst vanntett, men dei må lanoliserast. Det vil sei at dei får tilbake eit stoff som ulla opprinnelig har som gjer at urin vert omdanna til såpe og dampt, magisk...)
 Dei to søte små i blått og kumøsnter er Bitti D'lish AIO og SIO som vil sei at dei både sug opp væske og slikt OG er vanntette. Desse vert nett som ei eigongsbele, berre at den vaskas i staden for å bli hive. Desse har me veldig tru på, og har egentlig lyst på fleire alt, men me får vel nett prøva først :)

Til venstre har me forskjellige lommebleier, desse er vanntette, men må ha i ekstra innlegg for oppsuging. Og sikkert veldig gode. Dei er one size, so skal kunna brukast heile bleieperioden då dei vekst med ungen :)




 Dette var ikkje nokon gode forklaringar på tøybleier i det heile tatt. For meir informasjon om ulike typar bleier og kvifor du bør bruke det kan du gå inn på :

tøybleier.no fantastik bra forum om tøybleier, her finn du alt du lurer på. Gå inn på nybegynner so finn du gode forklaring på det meste :)

kenguruloftet.no sel tøybleier og bæretøy pluss andre kjekke ting :) Nederst til venstre finn du masse god informasjon om tøybleier

Eller so er det berre å søke på google so finn du masse kjekk informasjon. Må berre spørra meg og, men med tanke på at eg ikkje har prøvd dette endå er eg kanskje ikkje rette personen til det :)

Nam! Snickerskake :)

Eg har fått anledning til å laga snickerskake igjen! Skal sei da var eit godt gjennsyn :) Før var snickerskake min spesialitet so og seie, viss eg skulle laga kaka til ein annledning blei det nesten alltid den, og kvifor det? Jo den er superenkel og rask å lage, og ikkje minst knallgod! Ein blanding av marengs, peanøtter og ritzkjeks gjev ein herlig salt, søt, seig sprø bunn, og den topper me med ein god og fyldig sjokoladeglasur med masse peanøtter på toppen. Namm, nam :)

Desverre inneheld den store mengde peanøtter... og sidan min kjære Åsmund ikkje tåler nøtter blei denna kako lagt på hylla og ikkje laga etter at eg blei saman med han. Litt dårlig gjort å laga ei so god kake når han ikkje får smaka...

Men no baud anledningen seg igjen :) Me feira svigerfar sin 60- års dag i august og med masse kaker gjorde det jo ingenting om Åsmund ikkje kunne eta mi (Dessuten laga eg dobbel porsjon pose Brownies, so han var ganske fornøyd :) )

Eg laga for første gong ein heil porsjon, som er ei langpanne. Da er mykje Snickerskake, men det gjekk med. Viss du vil laga ei litt mindre kake, halverar du berre oppskrifta og hell den i ei rund form i staden. Det går veldig fint. Men då må du kanskje tilpassa steiketida littegrann... Sjekk kaka med ein pinne når det nærmar seg ferdig

Set ovnen på 180 grader

Til bunnen treng du:
6 eggehviter ( ta vare på plommene, dei skal i glasuren...)
5 dl sukker
150g hakkede peanøtter
1 pk knust ritz kjeks
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Ha bakepapir i ei passande form (til denne oppskrifta ei langpanne) og smør denne.
Knus kjeksa og hakk peanøttene, bland desse saman med bakepulver og vaniljesukker. Stivpisk eggekviter og sukker. Pass på at utstyret er reint. Når sukker og egg er stivt vender du forsiktig inn alt det tørre. Bruk god tid og rolige tak :) Hell røra i forma og steik kaka midt i ovnen i 20- 25 min. Avkjøl

So lage me glasuren, då treng du:
100 g smør
400 g kokesjokolade eller melkesjokolade (smak og behag, trur eg brukte lys kokesjokolade...)
6 eggeplommer
100 g melis

Brekk sjokoladen i betar og smelt den saman med smøret over vannbad. Pisk eggeplommer og melis til det er god blanda. Pisk dette saman med sjokoladeblandinga (pass på at den ikkje er altfor varm...) og smør glasuren over kaka. Dryss over passelig med peanøtter :)

Nokon liker å ha krem på denne kaka, men det gjer ikkje eg. Det er nok kaloriar i den frå før... Men viss du vil er det ein mulighet.