onsdag 9. februar 2011

Space invader hua

No er de vel og lenge sidan eg har vore å skrive her (igjen...) Men det opptar visst tida di litt å ha ein liten babis i heimen :) Me kosar oss masse eg og Aksel, han er veldig glad i mammo si, for han vil helst ikkje la ho vera åleina, og det er ikkje berre, berre å blogga med ein liten skjønning som opptar armane mine ;) Men han er no ein going so det går fint.

Ein ting eg har lært meg no er å gjere fleire ting på ein gong, og strikking går fint til tross for at fanget opptatt av vetleguten. Eg har litt forskjellige prosjekt på gong for tida og eg er nett ferdig med ei lita gåve til lillebroren min som hadde bursdag for ein månad sida! Eg er treig med det meste ja :)

Eg har strikka ei space invaders- hua til han. Mønsteret kjem frå Arne og Carlos strikkehefte 96 masker (dei med julekulene), so inneheld masse stilige huer. Det er første gong eg strikkar mønster, og det var kjempekjekt :) Blei littegran stram til å begynna med, men trur det går bra. Huo blei i alle fall god og mjuk. Syns kanskje den vart litt lang, men den skal vel vera slik.




Har brukt Freestyle frå Dale garn, svart, raud og offwhite, og pinna nr 5 og 5,5.  Og her ser de resultatet. Psmund ville og ha ei, so får sjå om eg ikkje skal strikka ei til han og :) Fekk veldig lyst å strikka gensar til han i samme mønster. Han ønsker seg egentlig ein Mariusgensar, men dette er jo nesten det samme, berre litt meir nerdete og det passar jo han godt ;) Mønsteret til gensaren finn ein GRATIS på Arne og Carlos sine heimesider. Men før eg sett i gang med det tren Aksel ny gensar, sokkar og bukse... og skulle hatt nokon fleire bleiebukser og... So trur Å må venta litt endå :)