tirsdag 16. mars 2010

Min første amigurumi!!!


Okay, eg sneik meg til det mellom leseøktene :D Eg  har laga min første amigurumi :) Eg kunne berre ikkje dy meg! Etter min kjære sitt ønske blei det eit 1-up frå Super Mario, ein sopp, ein grøn flogesopp som gjev deg eit ekstra liv, ironisk nok...

Eg fann oppskrifta på ei engelsk side, håper på å kunne oversetta den og legge den ut her med tider og stunder. Men viss du vil lesa den på engelsk finn du den på Amy's odessey 

Eg brukte nokon restar eg haddde liggande av Sandnes fritidsgarn og heklenål nr 5.

Eit par ting som kan nevnast som eg etter kvart innsåg kunne bli gjort annarleis. Først og fremst, eg laga denne med feil side ut... hadde vore kjekt å visst før eg sydde den sammen, men neste gong skal eg få det til :) Fann ei side der det er veldig godt forklart (på engelsk) korleis ein får rett side ut når ein lagar ein amigurumi. Gå inn på Roxycraft som finn du det der viss du ser heilt til høgre på sida, litt nede, under amigurumi lessons.

Ein annan ting eg sleit med å skjønne var korleis i alle dagar eg skulle klara å starte heile prosjektet, fann tilslutt ein genialt enkel måte, kalla magic ring, søk på youtube so finn du ei god forklaring der. (har i ettertid funne ut av den andre måten og, men den kan eg komma tilbake til ein gong)

Miko likte i alle fall ekstra livet :) Men han ville helst gnaga på den vetle stakkaren... men klarte å få han til å sitta stille littegrann i alle fall, flinke vofsen vår :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar