søndag 18. april 2010

Totoro


Eg har laga med ein Totoro :D Blei veldig fornøyd med han, kunne kanskje gitt han litt mindre auger, men det var dei eg hadde då eg laga han ( no er det ein heilt anna situasjon :) ) Selvfølgelig veit de kven Totoro er, viss ikkje vil eg absolutt ambefala og finne det ut. Han er ein av figurane i Hayao Miyazaki sin tegnefilm "Min nabo Totoro", kjempekoselig barnefilm :)


Brukte ganske lang tid på han, veit ikkje kor mange timar, men heile påsken gjekk no med, berre spør de eg var på hytto med, var visst veldig asosial... Noko som dei ikkje fostod vitsen med, når i utgangspunktet laga noko heilt uforståeleg. Kan ikkje forstå det :) No skal det seies at det er litt av eit putlearbeid for nokon som ikkje er vant med det, men er blitt mykje flinkare no.

Mønsteret på min nye venn fann eg her, flink jenta som har laga det heilt sjølv. Ser ikkje at eg kjem til å klare slikt med det første. Men det er kjempegøy å lage amigurumi, må sei eg er blitt veldig glad i min nye hobby :) Førs de veit ordet av det kjem nok Neko på besøk, kven det er? Vent å sjå :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar