søndag 18. april 2010

Boxy pouch, strikketøymappe og reisestrikkepineetui :)

Eg har smått om senn begynt å bli meir venn med symaskina mi, den er faktisk gnaske grei, og kjekk å ha som venn :)

Før påske sydde eg faktisk tre mapper og eit strikkepinneetui med hjelp av min gode venn Singer. Blei ganske bra resultat.

Først laga eg ein boxy pouch, som prøveprosjekt, møsteret fann eg her, den er uten innerstoff, fin til å øva seg med :)


Etter den avanserte eg litt, og fann ut eg ville laga ei med for og vatt, som tenkt so gjort, det var litt meir kronglete slik, men resultatet beli utruleg mykje betre. I tillegg til første linken brukte eg dette mønsteret og. Må sei at det var lettare å forstå når ein ser kva fleire personar har gjort.


Til slutt blie det den store mappa, nemmlig strikketøymappa mi, tenkte eg skulle ha den til å ha strikke/hekle- tingene mine i når eg er på farten, har alt brukt den litt og den funker meget bra, Kunne kanskje vore litt større, men får akkurat plass til oppskriftheftene frå Sandnes Garn, (det var sjølvsagt meininga og ikkje flaks i det heile tatt...) Eg har brukt samme oppskrift som dei to andre eg laga, berre at eg aukte størrelsen ein det, syns å hugse at eg la på ein 2 gang... For å laga den tok eg litt frå fleire sider , dei to som eg har nevnt pluss denne. Til sammen blei det ganske so bra :) Det er absolutt ikkje vanskeleg og alle som kan bruke ei symaskin vil klare det dei og viss dei vil.



Eg fann og ut at eg trengte eit reisestrikkepinneetui, so det laga eg meg. Brukte samme oppskrift som siste strikkepinneetui, frå Pickles, i tillegg la eg inn ei rad til med lommer, korleis eg skulle gjere det fann eg her.



So til slutt fekk eg meg eit fint litte strikketøy sett, veldig fornøyd :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar