torsdag 15. april 2010

Seige sjokoladeruter evt seig sjokoladefudge...



Eg har fått oppskrifta på seige sjokoladeruter, den som eg nevnte då eg laga fudge. Og denne er berre absolutt kjempe namm! Veit ikkje om det er fudge, var akkurat slik eg trudde det skulle vera, men uansett kva det er som er det godt :) Har desverre ikke bilder av det ferdige produktet, men kjem nok til å laga det igjen, og då skal eg legga ut bilde.

Ingrediensar:

250 g nøtter g (eg brukte makadamia, pistasj og pecannøtter, men her er det berre å ta det ein vil)
evt tilsvarande mengde (ca 4 dl) noko anna, prøvde med cocopos i helga og det blei godt, men veldig søtt...

1 dl mjøl
1,5 dl (180 gr) lys sirup
1,5 dl sukker
100 g grovhakka mørk kokesjokolade
2 ss fløyte

Sånn gjer du:
Sett ovnen på 150 grader
Bland nøttene (eller kva du måtte villa) med mjølet.
Rør saman sirup og sukker i ein kjele, varm forsiktig opp og la det så koke kraftig i 1 min.
Ta kjelen av ovnen ha i sjokoladen og fløyte, la dette stå til alt er smelta og rør om til ei glatt blanding. Ha i nøtteblandingen.

Fordel røra i ei ildfastform på ca 20x20 cm. Steik kak i 30 min.
Avkjøl og sett den kaldt.
Skjær kaka i små firkantar før rett før servering.



Kos deg!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar