søndag 18. april 2010

Japansk søndagsmiddag :)


Eg laga noko eg aldri har prøvd før i dag, nemmli Chicken Katsu Curry, ein japansk karrirett med fritert kyllig filet, klissete ris og karrisaus. Det var kjemepgodt :) Smakte noko tilsvarande når me var i London for 2 år sidan, og fekk plutseleg lyst å prøva å laga det, fann oppskrift på nett og idag laga eg det. Tok litt tid, men det var nok mest fordi eg var litt usikker på korleis ting fungerte, men alt i alt var det faktisk ganske enkelt. Det blei i alle fall suksess, og det vert nok ikkje lenge til neste gong :) Er vel kanskje ikkje det sunnaste eg har laga, men kven bryr seg vel om det? Me er uansett på veg bort på trening når som helst no, so då er det greit :)

Her er oppskrifta til fira personer:

Til sausen:
2 ts smør 2 kvitløksbåtar, hakka
1 liten løk, hakka
3 Granny Smith epler (grønne), skrelt  og delt i båtar
5 dl kokande vatn
2 bananer, delt i skriver
2 ss honning
1 ss gurkemeie
1/2-1 ts Madras curry powder (fås kjøpt på innvandrarbutikkar)
2 ss ketchup450ml chicken stock
1 tbsp Salt
1 tbsp ground black pepper, or to taste
2 ts maizena

Til kyllingen:
4 kyllingfiletar
Mjøl
4 egg, piska
Brødsmuler, helst Panko, som er japanske brødsmuler, eg kjøpe nokon på ein asiatisk matforetning. Desse smulane er større og sprøare enn f.eks griljermel
Frityolje, raps eller peanøtt

1. Steik løk og kvitløk til litt brun, ha i epler, vatn, banan, honning, ketchup og krydder . La dette få eit oppkok. Ha i resten av ingrediensane til sausen. La denne småkoke i 20 min, rør av og til. Når den er ferdig siler du av klumpane, hold denne varm til resten av maten er ferdig. Kan vera lurt å starte på ris og kyllig mens sausen koker.

2. Slå kylligfiletane litt flate ved å legge dei i plastfolie og slå med ein kjevle. Vendt dei i mjøl, deretter egg og så i brødsmulane. Ha de i frityrolja når dette er passeleg varm. Friter dei i ca 6-7 min. Snu av og til.

3. Server dette med ris (helst japansk sushiris) og gjerne noko grønsaker etter behag.

Den originale oppskrifta finn du her.

Kos deg!!!

Kjempe kjekt med japansk mat, neste gong skal eg prøve å lage Onigiri, japanske risbollar :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar