torsdag 16. desember 2010

Turtlebutt!

Eg har strikka fleier bleiebukser, lenge sidan no då, men sidan eg er so sløv og ikkje legg ut ting med ein gong, får det bli no :)

Eg var veldig i tvil om eg var klar til detta mønsteret, på engelks og det såg ikkje akkurat enkelt ut, i alle fall ikkje med første augnekast. Meen når eg satte i gang var det overraskande enkel og greit! So ikkje ver redd for engelske oppskrifter, kast deg ut i det, bruk youtube og google translate flittig og det går so fint atte :D

Dette var nokon veldig kjekke og greie bukser å strikka, og sitt dei godt skal eg laga fleire. Syns dei var eksepsjonelt dekorative eg då. Trur det blir masse fine turtlebutt bilder når knøttet kjem ut! Eg har laga to, den blå er i str xs og den brune og grønne i s. Desverre har eg ikkje fått tatt bilde når eg hadde fått festa snøre i dei, men det skal det då og vera :)




Oppskrifta finn du på ravelry.com, kor du må registrera deg, men likar du å strikka er det absolutt ikkje ei dum ide. Utrulig mykje fine oppskrifter der inne, masse gratis. Du må betala for møsnteret til Turtlebutts-ane då, men det var ikkje dyrt, vel verdt det syns eg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar