torsdag 16. september 2010

Nam! Snickerskake :)

Eg har fått anledning til å laga snickerskake igjen! Skal sei da var eit godt gjennsyn :) Før var snickerskake min spesialitet so og seie, viss eg skulle laga kaka til ein annledning blei det nesten alltid den, og kvifor det? Jo den er superenkel og rask å lage, og ikkje minst knallgod! Ein blanding av marengs, peanøtter og ritzkjeks gjev ein herlig salt, søt, seig sprø bunn, og den topper me med ein god og fyldig sjokoladeglasur med masse peanøtter på toppen. Namm, nam :)

Desverre inneheld den store mengde peanøtter... og sidan min kjære Åsmund ikkje tåler nøtter blei denna kako lagt på hylla og ikkje laga etter at eg blei saman med han. Litt dårlig gjort å laga ei so god kake når han ikkje får smaka...

Men no baud anledningen seg igjen :) Me feira svigerfar sin 60- års dag i august og med masse kaker gjorde det jo ingenting om Åsmund ikkje kunne eta mi (Dessuten laga eg dobbel porsjon pose Brownies, so han var ganske fornøyd :) )

Eg laga for første gong ein heil porsjon, som er ei langpanne. Da er mykje Snickerskake, men det gjekk med. Viss du vil laga ei litt mindre kake, halverar du berre oppskrifta og hell den i ei rund form i staden. Det går veldig fint. Men då må du kanskje tilpassa steiketida littegrann... Sjekk kaka med ein pinne når det nærmar seg ferdig

Set ovnen på 180 grader

Til bunnen treng du:
6 eggehviter ( ta vare på plommene, dei skal i glasuren...)
5 dl sukker
150g hakkede peanøtter
1 pk knust ritz kjeks
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Ha bakepapir i ei passande form (til denne oppskrifta ei langpanne) og smør denne.
Knus kjeksa og hakk peanøttene, bland desse saman med bakepulver og vaniljesukker. Stivpisk eggekviter og sukker. Pass på at utstyret er reint. Når sukker og egg er stivt vender du forsiktig inn alt det tørre. Bruk god tid og rolige tak :) Hell røra i forma og steik kaka midt i ovnen i 20- 25 min. Avkjøl

So lage me glasuren, då treng du:
100 g smør
400 g kokesjokolade eller melkesjokolade (smak og behag, trur eg brukte lys kokesjokolade...)
6 eggeplommer
100 g melis

Brekk sjokoladen i betar og smelt den saman med smøret over vannbad. Pisk eggeplommer og melis til det er god blanda. Pisk dette saman med sjokoladeblandinga (pass på at den ikkje er altfor varm...) og smør glasuren over kaka. Dryss over passelig med peanøtter :)

Nokon liker å ha krem på denne kaka, men det gjer ikkje eg. Det er nok kaloriar i den frå før... Men viss du vil er det ein mulighet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar