torsdag 16. desember 2010

Ei veka igjen til termin!

Skumle greier, men det er visst berre ei veka igjen til termin.... Gleder meg veldig til knøttet vårt kjem no, men han har det no veldig godt der inne i hybelen sin, so han får no kosa seg so lenge han vil. Eg tar imot han når han vil komma :)

Men me er veldig klare då, har vel kjøpt inn det me treng, og mykje til. Bleiene er på plass, Det samme er seng, stellebord, kle, vogn, bilstol, bæresjal og lista forsetter. Denna ungen har allerede alt han treng ja :D

Men me er veldig fornøyde då, eg syns rommet hans blei kjempefint. Me skal ha stellebordert der inne, sidan badet vårt ikkje akkurat er svært... So får me prøva og sjå om det går, eller om me må komma på noko nytt.

Her er i alle fall skrytebilde av babyrommet vårt :)

Rommet til vetleguten


Nokon av bleiene våre :) Og masse heimesydde vaskeklutar
Resten av rommet er visst fylt opp av julegåver og vogn og masse meir, so det får de ikkje sjå ;) Kanskje når jule er over og alt er på sin rette plass.

Turtlebutt!

Eg har strikka fleier bleiebukser, lenge sidan no då, men sidan eg er so sløv og ikkje legg ut ting med ein gong, får det bli no :)

Eg var veldig i tvil om eg var klar til detta mønsteret, på engelks og det såg ikkje akkurat enkelt ut, i alle fall ikkje med første augnekast. Meen når eg satte i gang var det overraskande enkel og greit! So ikkje ver redd for engelske oppskrifter, kast deg ut i det, bruk youtube og google translate flittig og det går so fint atte :D

Dette var nokon veldig kjekke og greie bukser å strikka, og sitt dei godt skal eg laga fleire. Syns dei var eksepsjonelt dekorative eg då. Trur det blir masse fine turtlebutt bilder når knøttet kjem ut! Eg har laga to, den blå er i str xs og den brune og grønne i s. Desverre har eg ikkje fått tatt bilde når eg hadde fått festa snøre i dei, men det skal det då og vera :)




Oppskrifta finn du på ravelry.com, kor du må registrera deg, men likar du å strikka er det absolutt ikkje ei dum ide. Utrulig mykje fine oppskrifter der inne, masse gratis. Du må betala for møsnteret til Turtlebutts-ane då, men det var ikkje dyrt, vel verdt det syns eg :)